Velledalen IL nummer åtte i kretscupen i friidrett.

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Aug 2010

Velledalen IL vart nummer åtte i kretscupen i friidrett med 46 poeng. Alle poenga sanka av Hilde Riksheim Tandstad – imponerande!


I dagens utgåve av Sunnmørsposten stod resultatlista for kretscupen i friidrett 2010. Vi melde i går at Hilde Riksheim Tandstad kom på andreplass samanlagt i cupen for lange løp i klasse kvinner senior. For den prestasjonen fekk ho gåvesjekk.



At ho som einaste utøvar frå vår klubb har sanka 46 poeng, og slik sett klubben på det lokale friidrettskartet, er ein storarta prestasjon. Det er verdt å merke seg at Hilde åleine har teke knekken på ein så vidt tradisjonsrik klubb innan friidrett som Ørsta IL.



Samanlagtresultat frå kretscupen 2010:


394 poeng: Tingvoll IL


346 poeng: Dimna IL


206 poeng: Ålesund FIK


204 poeng Eide IL


185 poeng: Hareid IL


176 poeng: Molde Olymp


87 poeng: Midsund IL


46 poeng: Velledalen IL


41 poeng: Sunndal IL


28 poeng: Ørsta IL og Sykkylven IL


17 poeng: Elnesvågen