Kenneth gjorde det
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Aug 2010
Det var ein sliten Kenneth Fet vi snakka med då han stempla inn på siste post ved Sætreelva i Holemarka i går kveld.
Då var han nyleg komen ned frå Myrdalsfjellet, der eit lite feilval
av trasé i nedstiginga kosta tid. Men han var likevel ved godt mot.
-
Eg kjenner på kroppen at den har vore med på noko den vanlegvis ikkje plar gjere, sa han medan han testa ut om kroppen helst ville gå eller jogge den siste transportetappen ned til Fet. Der nede kryssa han mållina på 15 timar og 36 minutt, etter å ha vore innom alle trimpostane. Vi kjem tilbake med passeringstidene på dei ulike postane, slik at kanskje nokon kan få hug til å gjere same turen
Vi gratulerer Kenneth og ynskjer andre som vil prøve seg lukke til på reisa!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024