Nils mellom 1730 på Skåla i dag.
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Aug 2010
Og der var nok enno fleire. 1730 er talet på dei som registrerte seg som deltakar til toppen av det 1848 meter høge fjellplatået.
Nils var mellom dei 675 fullførande konkurranseutøvarane. I tillegg starta 1055 personar i trimklassa (utan tidtaking).
Trimgruppeleiaren i VIL deltok i klasse 50-54 år. Han vart nummer 13 av knappe 50 deltakarar. Tida hans vart 1.43.11. Det heldt til å bli tredje beste sunnmøring, berre slegen av to brødre frå Hakallestranda Kondisjonslag, Petter Kragset og Olav Krakset. Ja, du las rett, brødre, men med ulikt etternamn.
Vi nemner at Jonathan Wyatt vann herreklassa med tida 1.08.30, som er ni sekund raskare enn Jon Tvedt sin gamle løyperekord. Beste kvinne vart italienske Antonella Confortola med tida 1.23.19
I same slengen nemner vi at to utflytte velledalingar gjorde ein fin figur under Jordmormarsjen i dag. Trygve Brunstad og Edvard Lie var mellom dei 114 som gjekk i spora til jordmor Jensine med Muldal som endestasjon. Her er fleire ulike løypelengder, og berre åtte personar gjekk like langt som jordmora gjorde på vinterstid i januar 1886.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024