Velledaling slo Politiets Fellesforbund sin toppmann

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Aug 2010

Nils Terje i frå Fetvatnet rundt 2009

Nils Terje Skylstad og Arne Johannessen har hatt mange dystar som motbakkeløparar siste åra. I går møttes dei nok ein gong under Fanaråken Opp, og Nils drog lengste strået.



Vi har ikkje snakka med Nils, men plasseringsmessig gjorde han eitt av sine beste motbakkeløp nokon gong. Andreplass i klasse 50-54 år, med 18 fullførande deltakarar var sterkt. Berre suverene Olav Terum frå Aurland IL vart for god for Nils denne gongen.



Dei seks beste i klasse 50-54 år:


1. Olav Terum, Aurland IL,
   1.11.39


2. Nils Terje Skylstad, Velledalen IL,
   1.19.02


3. Terje Sørli, Eidsiva BIL,
   1.19.48


4. Gunnar Båsen, Sigdal Friidrett,
   1.22.01


5. Arne Johannessen, Politiets Fellesfor.
   1.22.15


6. Vidar Halland, Noteam,
   1.23.39



Når det gjeld mannen på fjerdeplass, Gunnar Båsen, kan vi nemne at han i ei årrekkje var fast stafettmann på Bromma IL sitt lag saman med Mikkelsplassbrødrene Pål Gunnar og Eilif Kristen. Det er ikkje akkurat smågutar Nils gir seg i kast med når han tek laust.



Og kven veit, neste helg møter han kanskje Arne Johannessen til ny dyst, då under Skåla Opp med start i Loen.



Og berre for å ha nemnt det heilt til slutt. Fanaråken Opp samla 197 deltakarar i konkurranseklassa og bestetida var i overkant av 54 minutt.