Nancy nummer to i Saudehornet rett opp.
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Aug 2010
Bilete er frå Konrad Extrem i 2009
Saudehornet Rett Opp er eit tøft motbakkeløp i Ørsta med 1300 meter i høgdeskilnad mellom start og mål.
Vår eigen sterke motbakkeløpar Nancy Eggen la motbakkane bak seg på tida 1.25.57. Det var godt nok til å bli åttande beste kvinne totalt, og det heldt til andreplass i klasse 40-44 år.
Stian Mork kom inn på tida 1.20.39. Med det vart han nummer 50 i løpet totalt og nummer 15 i den store klassa 23-39 år.
Elles registrerer vi at Eivind Fet og Widar Fure deltok. Eivind kom inn på fine 1.11.43. Han vart med den tida nummer 26 totalt og nummer tre i klasse 40-44 år. Widar Fure fekk tida 1.29.23, og vart med det nummer 63 totalt. Både Fure og Fet stod som klubblause i resultatlista, men dei er velkomne på VIL sitt motbakkelag som etter kvart tel mange løparar.
For ordens skuld; vi nemner at John Somopol, Barakarunner (Kenya) vann løpet med tida 49.53!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024