Hei, Oda Alette her!
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Aug 2010
Her kjem ei helsing til slekt og vener frå Oda Alette Hole som i sommar spela på Gjelleråsen IF (GIF) sitt lag som vann Kattegat-cup.
Litt slektsbygging fyrst. Oda Alette kjem under det vi kallar ”halve velledalingar”. Ho er dotter til Jorid K.og Roger Malvin Hole. Det vil seie at Ingrid og Elling Hole er besteforeldre til jenta, som elles har slektningar så det held både i Velledalen og andre deler av Sykkylven.
GIF sine resultat i Kattegat-cup var slik.
Innleiande kampar:
GIF-Frøyland 9-0
GIF-Grenå 3-1
GIF-Flisby 8-0
Semifinale: GIF-Nesodden
8-0
Finale: GIF-Grenå 1-0
Oda Alette har sin plass som sentral midtbanespelar og noterte seg for tre mål i turneringa. Ho er elles ein allsidig idrettsutøvar som både spring godt og er dyktig på ski. Ho har fleire gonger delteke
under ”Det Store Folkerennet” som VIL arrangerer i påska. Og når Konradløp nummer ti vert arrangert til våren, ja, då skal ein ikkje sjå vekk frå at Oda er mellom deltakarane i jubileumsløpet.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024