Nils og Stian i motbakkeløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Aug 2010
Stian Mork og Nils Terje Skylstad har representert VIL i motbakkeløp dei to siste helgene.
Stian Mork deltok i Mefjellet opp med start i Fjørå den 25. juli. Her vart han nummmer åtte i klasse 23-34 år med tida 1.08.41. Ei god treningsykt før den komande skisesongen. Raskast uansett klasse var Johan Bugge frå Eidsvåg IL med 45.39 (ny løyperekord)
Olaf Øien var påmeldt i løpet men starta ikkje.
Helga etter deltok Nils Terje Skylstad i nyskapningen Trollenykjen Opp, med Eid IL som arrangør. Som vanleg leverte Nils ein solid prestasjon. Her er resultata frå hans klasse (50-54 år):
1. Terje Torvanger, Bremanger IL
44.56
2. Nils Terje Skylstad, Velledalen IL
46.00
3. Per Atle Hjelmeland, Eid IL
46. 59
4. Rune Holmgren, Eid IL
49 45
Raskast uansett klasse var Arve Rindal, Eid IL, med tida 36.54
Komande helg deltek Nils i Fanaråken Opp (laurdag). Elles er det Saudehornet Opp i Ørsta same helg. Vi set pris på å få inn resultat der representantar frå VIL deltek
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024