Stor løpshelg
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jul 2010
Det manglar ikkje på tilbod for dei som likar springe. Komande helga står
løpa i kø.
Med start frå Fjørå arrangerer Valldal IL motbakkeløpet Mefjellet Opp. Kring sju kilometer langt med stigning på 1100 meter. Løpet startar på asfalt, går over på skogsveg, sti og fjellterreng siste delen.
Eggjenipa Opp vert arrangert i Breim. Her har Nils Skylstad delteke tidlegare. Men det var i ruskevêr. Kanskje vert han mellom deltakarane i år, etter som han kunne tenkt seg turen i godvêr.
I Hornindal er det full pakke med heil maraton, halvmaraton, milløp og visst nok enno kortare distansar denne helga.
Så her er det berre å hive seg med. Og meld gjerne inn resultatet i etterkant. Det set vi pris på.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024