Sterk motbakkesiger til Nils
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2010

Nils Terje Skylstad vann klasse 50-59 år i det tøffe motbakkeløpet Nesaksla Rett Opp i helga.
Dette løpet vert arrangert i Rauma kommune med Åndalsnes som startstad. Løpet er ikkje meir enn kring to kilometer langt, men er eit av dei brattaste. Det stig nemleg 688 høgdemeter. Mest like mykje som Konrad Extrem (740) stig på dobbel så lang løypelengd.
Løpet denne helga samla totalt nær 150 deltakarar, nokså likt delt på mosjon- og konkurranseklasse. John Sompol frå Kenya var suverent raskast. Med tida 21.27 var han over to minutt føre skiskyttaren Lars Berger i mål.
Her er resultata frå klassa til Nils:
Nils Terje Skylstad, Velledalen IL,
31.25
Per G. Kvendseth, Villa Organic,
33.11
Ottar Sætre, Lauparen IL
35.54
Gunnar Bergsvik, Skåla IL,
37.21
Helge Nordskar, noteam,
40.57
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024