Veteranar vann for Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jul 2010
Velledalen IL sine normalt sterkaste kort var fråverande under Konrad Extrem. Men veteranane Rolf Haxthow og Asbjørn Tandstad sikra arrangørklubben to klassesigrar.
Somme vil sikkert sakne personar som Kenneth Fet, Hilde Riksheim Tandstad, Nancy Eggen og Nils Terje Skylstad med fleire frå Velledalen IL sin sterke løpargarde under Konrad Extrem. Fortvil ikkje, dei hadde gyldig forfall. Kennneth var på skisamlin, Hilde var influensasjuk, Nancy på ferietur, Nils oppteken med anna arranangement.
Men vi merka oss veteranane Rolf Haxthow og Asbjørn Tandstad. Haxthow best i klasse 50-59 år, Tandstad, som vert 60 år seinare i haust, best i 60-69 år. Spreke karar og flotte representantar for klubben.
Merk: Foto frå Konrad Extrem ligg i ALBUM
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024