Utbygginga av Ladalen har sin pris

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jul 2010

Aktiviteten i Ladalen aukar, og det kjem neppe som ei overrasking at det ligg att litt av kvart når snøen forsvinn.



Grunneigarar i området har teke kontakt med Skisenteret, som i sin tur vende seg til Velledalen IL, vedkomande attliggande skrot frå skisesongen.



Pål Rune Fet frå langrennsgruppa i VIL, tok med seg dottera Anette, og gjekk over området. Ei nedslåande oppleving i fylgje Pål Rune


-
  
 Her låg utruleg mykje som ikkje burde vore her. Eingongsgrillar, eit utal løypestikker i plast og langt over 100 spisse trestenger som har vorte brukt til løypemerking. Det aller meste var plassert i skileikområdet nedanfor sommarfjøsen til Nils Sigurd Drabløs, i retning mot myra som er brukt som startområde eksempelvis i Fjellsæterrunden.



-
  
 Det positive er at ingenting av det som vart funne er restar etter Velledalen IL. Her er det nok andre lag/organisasjonar som er syndarar, seier Fet, som har full forståing for at grunneigarane reagerer


-
  
 Slik kan vi ikkje ha det. Men neste år er det ikkje sikkert Velledalen IL ryddar etter miljøsvina, seier to blad Fet og viser fram noko av fangsten.



Her må det ei kraftig skjerping til på det haldningsmessige plan, og den bør vere på plass alt til komande vinter.