Tunge pøbelstrekar på Slettegjerde
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jul 2010

Banemeister på VRF sitt anlegg på Slettegjerde i Straumgjerde, Einar Fet, fekk litt av ei overrasking då han kom for å slå grasbana i dag tidleg.
-Ja, det vart litt av ein nedtur. Nokon hadde vore ut på det blaute banedekket med bil. Og dei hadde gjort grundig arbeid, spunne rundt, og sett kraftige spor inne på spelebana, seier Einar Fet, som har hatt ansvaret for Slettegjerde grasbane i 20 år.
Bilen hadde teke seg inn på grasmatta ved å køyre ned ei kort, bratt skråning. For øvrig einaste staden det er muleg å ta seg inn på bana. Spora viste at den hadde hadde hatt visse problem med å kome seg opp att. Kai Skylstad i VRF-styret seier at saka vil bli meldt meldt til ”øvrigheita”.
Etter alle solemerke har ugjerninga funne stad natt til onsdag. Svært upassande ettersom klubben arrangerer fotballskule både denne veka og neste
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024