Hilde kretscupvinnar i Ørsta
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jun 2010

Hilde Riksheim Tandstad skaffa Velledalen IL mange poeng under kretscupopninga på Ørsta stadion med 1. plass på 3000 meter og andreplass på 800 meter.
Laurdag stod 800 meter på programmet. Hilde leverte eit sterkt løp og kom inn som nummer to av seks deltakarar. Tida 2.26.33 er det nest beste ho har levert i karriera, og det er om lag sekund bak persen ho sette i Molde sist helg.
·
I dag stod 3000 meter for tur. Ein distanse Hilde aldri tidlegare har fullført på bane. Feltet på seks løparar opna i stort tempo. Då èin runde var unnagjort gjekk Hilde i tet, og heldt plasseringa heilt til mål. Vinnartida vart 11.15, som gir ei kilometertid på 3.45. Næraste konkurrent, Maria Ringstad (Dimna ), kom inn seks sekund bak Hilde
Ekstra sterkt løp med tanke på at ho sprang med ei opa skolisse mest heile løpet.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024