Andreas nummer tre i klasse 20-29 år i Ekornesrittet
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jun 2010
Ekornesrittet, eit terrengsykkelrittet på 40 kilometer, vart arrangert av Sykkylven SK i dag.
Andreas Tømmervik var einaste deltakar som representerte Velledalen IL i rittet. Og Andreas gjorde ein fin figur med å ta tredjeplassen i klasse 20-29 år med tida 1.48.09
Vi tek òg med at Jan Halvard Holmøy, som sykla for Sykkylven SK, vart nummer fem i klasse 30-39 år med tida 1.43.51. I same klasse vart Frode Linga (klubblaus i fylgje resultatlista) nummer 8 med tida 1.56.27. Så vidt vi veit var dette Frode sin debut i større sykkelritt.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024