Velledalsblod til nordisk meisterskap
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jun 2010
Ja, no stussar du sikkert. Karen er halvt velledaling – og vel så det – og det dreier seg om nordisk meisterskap i mangekamp.
Det er Henrik Johan Holmberg, som representerer Vik IL, som er teken teken ut til nordisk meisterskap i mangekamp i Randers i Danmark 12. og 13. juni. Den norske troppen utgjer seks gutar og tre jenter.
Tidlegare i vinter vart Henrik invitert til å delta i ”Løftprosjekt Mangekamp 2010” i regi av Olympiatoppen. Målet for dette prosjektet var å skape topputøvarar og heve prestasjonane til norske mangekjemparar – løfte både unge og eldre utøvarar til eit høgare nivå. I utgangspunktet var fem utøvarar av kvart kjønn invitert til å delta i prosjektet.
Henrik Johan Holmberg har høgde og sprint som sine sterkaste øvingar. I høgde er persen på 1.96. Truleg er det berre eit tidsspørsmål før han sprengjer den magiske 2 meters grensa. Siste åra har Henrik gjort det aller best i sprint. Som mangekjempar må han meistre eit vidt spekter øvingar. Ikkje minst tekniske ”gobitar” som stavsprang og spydkast
Vi ynskjer lukke til i Randers.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024