Widar Fure vann sekundstrid i Koldabakken
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Mai 2010
Widar Fure tok ein litt overraskande triumf i andre utgåva av Koldabakken Grand Prix. Med tida 1.35 tangerte han løyperekorden som Eivind Fet og Per Steinar Linga sette i 2009.
Årets bygdameisterskap i motbakkeløp, sprint, samla 14 deltakarar. Litt skuffande på ein kveld der forholda i løypa var gode. Men unge Fure vann ingen klar siger. Eivind Fet kom inn sekundet bak, og Per Steinar Linga hadde to sekund opp til
Eivind.
Tre av deltakarane fullførte i fin stil utan tidtaking. Elling Hole (69) var eldste deltakar, Pernille Linga den yngste.
Neste styrkeprøve no vert Konrad Extrem (10.juli). Geir Helge Grebstad opplyser til nettsida at løpet vil innehalde nokre prestisjetunge internduellar, eksempelvis Bastian Skogvold mot Petter Andre Aursnes. Er det andre som ynskjer å duellere må dei gjere vel å melde frå til Geir Helge Grebstad.
Resultat frå Koldabakken Grand Prix 2010
Utan tidtaking:
Pernille Linga
Sophia Holmberg
Sofie Skylstad Hole
Tidtaking:
Gutar 14-19 år:
1. Ole Peder Holmberg
1.55
Menn 30-39 år
1. Widar Fure
1.35 (tangering av rekord)
2. Eivind Fet
1.36
3. Per Steinar Linga
1.38
Menn 40-49 år
1. Paul Magne Hole
2.22
Menn 50-59 år
Svein Helge Hjorthol
2.04
Per-Gunnar Holmberg 2.29
Menn 60-69 år
1. Olaf Øien
2.42
2. Elling Hole
3.22
Jenter 11 år:
1. Lene Katrine Hole
3.09
2. Emma Olin Holmberg 3.17
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024