KOLDABAKKEN GRAND PRIX

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mai 2010

Onsdag 26.mai er det duka for andre utgåve av Koldabakken Grand Prix – ope bygdameisterskap i motbakkeløp, sprint.


Vi kallar det sprint fordi løypa truleg er i underkant av 400 meter. D
 istansen set likevel store krav til utøvarane – beina har ein lei tendens til å bli stokk stive sjølv om ein opnar i relativt moderat tempo.



Fjorårets arrangement gjekk i regnvër, men samla bra deltaking. Frå Pernille Linga som den yngste i beremeis, til Paul Hole som den gong var 79 år. Eivind Fet og Per Steinar Linga kom inn på lik tid, men her er det viktig at alle held sitt eige tempo. Det er lett å få til, fordi løpet går med enkeltstart – 30 sekund mellom kvar startande.



Så nokre harde fakta:


Startstad: Hole – kring 100 meter frå løa til Nils Terje Skylstad


Påmelding: Ved start frå klokka 17.45


Start: Klokka 18.30


Startkontingent: kr.50,-pr deltakar


Premiering til alle born og til klassevinnarane av begge kjønn.


Klasser vaksne: 16-19, 20-29, 30-39, 40-49, 50-59, 60-69, 70-79, 80-89 og 90-99.


Sal av forfriskingar


Løypa går etter grasmark/sti.


Vi kan på det varmaste tilrå dette løpet for alle som ynskjer bli betre kjend med kroppen sin.