Hilde vann, ”persa”og slo fjorårets krinseinar på 1500 meter

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mai 2010

Frå Ulsteinvik vert det meldt om kanonstart på baneseongen for Hilde Riksheim Tandstad. Ho vann 1500 med tida 5.07 – ny personleg rekord med seks sekund.


Og det var ingen ”kven som helst” ho slo heller. I feltet var nemleg Vilde Ottestad frå Molde-Olymp, som hadde bestetida på distansen av alle jente/kvinner i Møre og Romsdal i 2009 med tida 4.58.51.


-
  
 Eg la meg bak og let Vilde styre farta dei to fyrste rundane. Forholda var nemleg ikkje spesielt gode med vind, regn og nokså lav temperatur. Etter to rundar gjekk eg i tet, og pers på seks sekund er eg sjølvsagt nøgd med. Målet for sesongen må vere å senke persen ned mot 5 minutt blank, fortel Hilde på veg heim frå Ulsteinvik.


-
  
 Neste helg vert det nye løp i Molde, då med 400 og 800 meter som distansar, seier Hilde som har Ungdomsmeisterskapet (NM) i Molde 3.-5. september som hovudmål for sesongen