Søknad om pengar til ”Dalaråsa”
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mai 2010
Søknadsfristen for Sykkylven Energi AS sine fondsmidlar gjekk ut i går. Velledalen IL er mellom søkjarane
I samråd med prosjektgruppa bak den nye vegen/sykkelstien frå Fjellsæterskiftet til Straumgjerde på sørsida av Velledalsselva/Fetvatnet, søkte Velledalen IL om midlar til dette prosjektet. Pr. dags dato ligg det ikkje føre kalkyle på prosjeket, men heilt rimeleg vert det ikkje. Det må nemleg opparbeidast ny veg frå indste enden av Holemarka til Fjellsæterskiftet, og like eins på ein stubbe mellom Brunstad og Velle.
Kor stor sum ein kan få frå Sykkylven energi er heilt i det blå, då vi ikkje veit noko om totalsummen som skal delast ut, og heller ikkje noko om kor mange søkjarar som melder seg. Men det er grunn til å tru det vert mange om beinet.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024