Still klokka etter Elizabeth

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2010

Lars Inge Sæther sin glimrande statistikk frå Konradløpa er god lesnad. Visste du at ein kvinnleg deltakar har tre løp med berre eitt sekund i avvik..?



Ja, det er mest ikkje til å tru, men heilt sant. I 2007 vart unge Elizabeth Scattergood klokka inn til tida 25.03. Året etter (2008) pers ho med eitt sekund og kom inn på 25.02. Og utruleg nok, 1.mai 2010 kom ho nok ein gong inn på 25.02



Men sitt beste løp gjorde Elizabeth i 2009. Då brukte ho sterke 23.39 på den 4,5 kilometer lange distansen.