Hilde har forma inne – sterk test på Aksla
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2010
Natt til 1.mai var ho raskaste kvinne under Konradløpet. 60 timar seinare sesongdebuterte Hilde Riksheim Tandstad som baneløpar med bravur på nedslitne, ærverdige Aksla stadion
I to litt uvanlege øvingar, nemleg 80 meter og 600 meter. På 80 meter vart ho nummer to (11.22) bak Lilja Olafsson som fekk tida 11.07
På 600 meter vart Hilde best av samtlege jenter på distansen. Tida 1.48 var ny personleg bestenotering, og kring ti sekund føre nest beste jente.
- Det vart stive bein mot slutten av løpet, men eg er godt nøgd og ser fram til at banesesongen startar for fullt, seier Hilde til idrettslaget si nettside.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024