150 påmelde i Konradløpet midt på dag torsdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2010

Deltakinga ser ut til å bli bra i den 9. utgåva av Konradløpet. Det som ikkje ser like bra ut er vêrmeldinga.



Snø under Konradløpet har vi aldri hatt, men kan få det i år, skal ein tru vêrmeldinga. Vi reknar ikkje det som noko problem for deltakarane, men det kan vere verre for bilane som skal frakte deltakarane til Brunstad.

  Vi minner om at det er garderobe og fullt muleg å skifte antrekk i grendahuskjellaren etter løpet. Dusje kan ein òg, om ein vil



Tyngda av dei påmelde er sykkylvingar, men det er påmeldt bra tropper frå stader som Ålesund og Stranda. Elles er stader som Hermannsverk, Vik i Sogn og Horten representert. Så langt har vi fem påmelde frå nasjonar utanom eige heimland, vi har to deltakarar over 80 år og vi har to ”Konradar” mellom dei påmelde.



Av erfaring veit vi det plar melde seg mange deltakarar siste døgnet, så vi reknar med minst 250 på startstreken når Bjørn Asle Lade sender startskotet til himmels. Har det ikkje slutta snøe før, så gjer det det då.



Vërmeldingane for Minikonrad i morgon er langt betre. Her vert det plussgrader og kanskje opphaldsvêr. Vi ventar stor deltaking med Hans Martin Gjedrem som gjest og premieutdelar. Vert vêret usikkert blir premieutdelinga i grendahuset. Det flyttar vi på kort varsel om vi meiner det er nødvendig.



Arrangøren tek ikkje sorgene på forskot - meterologane har bomma før.