Konradnytt 2010
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Apr 2010
9.gong og jubileum.
Konradløpet 2010 er det niande i rekkja. Det starta i 2002 med 196 deltakarar. Deltakarrekorden skriv seg frå 2009 med 464 deltakarar (Minikonrad medrekna). Totalt har dei åtte tidlegare løpa samla 2607 deltakarar. Det betyr at vi i 2010 må ha 393 deltakarar for å passere 3000. Eit høveleg mål.
Men årets Konradløp markerer likevel eit jubileum. Skarpe hovud vil hugse at Konrad Brunstad kom til verda i 1910. Med andre ord; i år er det 100 år sidan Konrad vart fødd – ein god grunn til å stille i løpet til hans ære.
Hans Martin Gjedrem æresgjest.
Minikonrad vert som vanleg arrangert 30.april for aldersguppa fødde i 1994-2010. Her er det start klokka 18.30 for løparar fødde 2000-2010 (utan tidtaking), medan aldersgruppa 1994-1999 startar klokka 19.00 (med tidtaking).
Her er det påmelding før start. Startkontingent kr.60,- og alle vert premiert av ingen ringare enn Hans Martin Gjedrem, tre gonger NM-vinnar i skiskyting, èin gong i motbakkeløp. Premieutdelinga vert like etter målgang om vêret er bra, eller innandørs i grendahuset om vêret vert dårleg. (Hugs Minikonradtrening onsdag 28.april klokka 19.00 ved Joker).
Passerer 100
. Påmeldinga er godt i gang. Dei alle fleste nyttar seg av nettbasert påmelding. Kring 100 har meldt seg til no, eit høgt tal såpass lenge før løpet. Vi reknar med at onsdag, torsdag og fredag vert dei store påmeldingsdagane. Startkontingenten i Hovudløpet 1.mai (start 05.00) er 50 for born, 100 for vaksne og 250 for familie – frukost inkludert. Påmelding etter klokka 18.00 fredag kveld er muleg, men kostar 50 kr meir for kvar gruppe.
To Konrader påmelde.
Konradløpet er gratis for alle med Konrad som føre-eller mellomnamn, og for alle over 90 år. Faktisk gjekk det fem år før vi fekk fyrste personen med namnet Konrad på startstreken. Men i 2007 losna det, då kom det brått tre med dette namnet. Av dei påmelde til no har vi to Konrader – Konrad Lillebø og Jarle Konrad Fausa. Eldste påmelde deltakar til no er godt over 80 år, så Konradløpet fengjer alle aldersgrupper.
Tre nasjonar.
Konradløpet har samla løparar frå ti ulike nasjonar. Så langt er tre nasjonalitetar representert mellom dei 100 påmelde. Det blir ganske sikkert fleire. Vi nemner at Daryl Matthews sette ny utlendingsrekord i 2009 med tida 18.12
Mest kvinner.
Konradløpet – der farta ikkje er viktig heiter det. Kanskje er det nettopp desse orda som gjer at løpet har stor kvinneapell. Vanlegvis er kvinnene i fleirtal (ca 55-45 i prosent), men det kan mannfolka gjere noko med dette året
Påmelding:
Har du ikkje alt gjort det, er det berre å hive seg rundt. Arrangementet har garderobe i grendahuset, der er det gratis frukost til alle deltakarar, der vert Konradfilmen vist og det vert premieutdeling. Kring 20 prosent av deltakarane i hovudløpet vert trekt ut som gåvepremievinnarar. Meld deg på til:
www.velledalen.net-link til Velledalen IL
Hilde Riksheim Tandstad:tlf 50 25 31 41 – 478 62 412
Atle Hole tlf 70 25 07 49 – 917 43 761 –e-post: atlehole@online.no
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024