Fyrste Konrad påmeld
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Apr 2010
Påmeldingane sig inn til Konradløpet. Konrad Lillebø frå Ålesund vart fyrste Konrad på deltakarlista i 2010
Alle som heiter Konrad til føre-eller mellomnamn får gratis deltaking i Konradløpet. Dei fem fyrste åra deltok ingen Konrad. Men i 2007 losna det. Då kom to deltakarar med Konrad som førenamn og èin med Konrad som mellomnamn. Etter dette har desse tre vore jamne deltakarar, men vi skulle gjerne hatt nye.
Konrad Lillebø er altså mellom dei påmelde. Denne gongen har vi til og med fått eit forfall til Konradløpet – frå ein av ”Konradane”. Det gjeld Konrad Brunstad frå Tingvoll på Nordmøre. Han har meldt frå om at han diverre ikkje kan kome i år på grunn av konfirmasjon
Tips alle ”Konradar” du kjenner om Konradløpet! Gratis moro om du har rette nemnet eller er over 90 år.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024