Konradløptrening onsdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Apr 2010
Dei to neste onsdagane vert det Konradløptrening for born og ungdom. Frammøte ved Joker seinast klokka 1900.
Treningane vert leia av ingen ringare enn Hilde Riksheim Tandstad – jenta med adresse, Bakkane, og som tok to KM-titlar i friidrett sist sesong. Alle som har alderen for deltaking i Minikonrad (født 1994-2010) kan møte fram. Her får ein mellom anna gjere seg kjend med løypa, og kanskje snappe opp eit og anna tips om rett springeteknikk. Treninga tek ein time og det er gratis.
Diverre er det slik denne tida at det kolliderer med diverse anna. Men i år vart det altså slik:
Onsdag 21.april klokka 1900-2000 (frammøte ved Joker)
Onsdag 28.april klokka 1900-2000 (frammøte ved Joker)
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024