Vil invitere Hans Martin Gjedrem til Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2010
Velledalen IL bestemte på styremøte denne veka at laget vil invitere Hans Martin Gjedrem frå Valldal til årets Konradløp.
Om valldalingen kjem veit ingen enno. Skiskyttaren har til dagleg base i Lillehammer. Men ettersom han er sauebonde i Valldal, er det god von om at han oppheld seg på Sunnmøre den aktuelle helga.
Kven er så Hans Martin Gjedrem?
Jau, han er tre gonger seniornoregsmeister i skiskyting (2005, 2007 og 2010), i tillegg til at han er NM-vinnar i motbakkeløp i 2009 i Geiranger. Han er 29 år og såleis ein mann i sin beste alder.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024