Minneord Karl B. Lade
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Apr 2010
-Det e so tamt her – sa Karl til meg ein gong for knapt to år sidan. Han kom gåande oppover Bruahaugane med rullator, eg kom køyrande nedover med traktor, og vi stoppa og slo av ein prat.
Det Karl sikta til med ordet ”tamt”, var 17.mai feiringa i Velledalen. Og så fortalde han levande om feiringa i hans ungdom, med skodespel, sketsjar og anna moro på kveldstid i ungdomshuset kvart einaste år.
Slik var Karl. Han ville ha aktivitet, og han likte å delta der han sjølv kunne. Som under Velledalsrevyane for kring 30 år sidan, der han gjorde comeback som scenekunstnar i spann med Jakob-Ivar (Ivar Velle).
Sjølv om Karl var Brøvollsmann, var avstanden til Hole kort. Han budde berre eit steinkast unna grensa, og på Hole hadde han
gode vaksenkameratar i ”Knutgutane” Edvard og Ole, og Hau-Oddmund lenger framme. Karl var eit fast innslag i Knut-tunet der hesteskorne klirre mot mineborane sundagane, og han var mellom dei ivrigaste. Akkurat slik han var då velledalingane gjorde hesteskokasting til idrett på slutten av 70-talet. Karl var ein av bidragsytarane som i høgste grad gjorde Hole og fremste Brøvoll til ein god stad å vekse opp på 60- og 70-talet.
Men det var som idrettsleiar Karl la ned sitt klart største samfunnsengasjement. I 1965 starta idrettslaget ei barne-og ungdomssatsing der Brua-Karl var mellom dei fremste pådrivarane. Etter kort tid fanst det lysanlegg for hopp, alpint og langrenn i Holemarka. Dette vart tida då nær sagt alle gutar i Velledalen – og fleire jenter – var engasjerte i skisport. Karl sytte for at langrennsløparane i laget fekk lik kledning. Raude pologensarar og kvite bukser sydde etter mål av Ane fram på La.
Då grasbana på Dalemyra vart opna i 1971, markerte det ein av dei største dagane i laget si soge. I nydeleg vêr, og med Karl B. Lade som idrettslagsleiar, vart det endeleg baneopning etter ti år med anleggsarbeid. Denne julihelga vart markert med stor fotballturnering og 1-0 til VRF over Hødd i finalen. Gode minne frå ei svunnen tid.
Eit anna særtrekk med Karl var at han var flink med inntektsbringane arrangement. I idrettslagsregi likte han minst like godt å samle inn pengar som å bruke. Han stod i stadionkiosken både under seriekampar og 17.mai, han arrangerte marknader og var saman med Odd Gjersrud den som introduserte Bingo i Velledalen. På heimebane hadde han god støtte av Asbjørg, som backa godt opp under ein aktiv ektemann på ein særs god måte.
Men det var skisport, og langrenn spesielt, som stod hjartet hans nærast. I perioden 1966 og kring 15 år framover var Karl ein kjend person i langrennsmiljøet på Sunnmøre. Det vart lagt merke til kva han la under skiene i rennsamanhang –
han bomma sjeldan. Mange velledalsgutar – eg mellom dei – har mykje å takke Karl for. Når vi var på renn, var prosedyrene dei same – stort sett kvar einaste gong. Han hjelpte oss med skismurning, han fylgde oss til start og sende oss i veg med orda: ”Her er det berre å gå det remmer og tøy kan halde”. Han sytte for at vi skifta til turre klede og at vi fekk i oss mat. Han var ikkje berre idrettsleiar, men òg omsorgsperson.
I 2001 vart han heidra for sitt lange engasjement med æresmedlemsskap i Velledalen IL.
For mindre enn eitt år sidan arrangerte idrettslaget eit nytt motbakkeløp, Koldabakken Grand Prix. Som kolspasient kunne sjølvsagt ikkje Karl delta, men han var der - i ausande regnvêr. Og det er slik vi vil hugse han – engasjert, og ein som brydde seg til det siste.
Takk Karl, for livslangt engasjement!
For idrettsvener i Velledalen IL
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024