Ein skikkeleg heldiggris
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Apr 2010

Til høgre på dette biletet står ein skikkeleg heldiggris, nemleg Linnea Klokk som vart
trekt ut som vinnar av Det Store Folkerennet sin ”Heldiggrispremie”.
Premien var dette året på 700 kroner, noko som betyr at Linnnea heldt ei bra timeløn på turen rundt Sætrevatnet. Jenta til venstre på biletet er Amalie Klokk, som vi reknar med er syster til Linnea.
”Heldiggrispremien” vert trekt mellom alle deltakarane under 15 år. Premiepotten er ein viss prosentdel av startkontingenten. Svak deltaking gir liten premie.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024