Takk til hyttefolk og påskegjestar
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Apr 2010
Vi har gått gjennom deltakarlistene frå rennet langfredag, og kan trygt slå fast at Det Store Folkerennet har utvikla seg til å bli hyttefolket og påskegjestane sitt skirenn.
I antal deltakarar er Det Store Folkerennet på pallplass over dei største skirenna på Sunnmøre. Sjølv om vårt renn er eit såkalla lavterskelskirenn, er det likevel ei æra at så mange registrerer seg. Og potensialet er endå større – både i deltakattal og ei smidigare avvikling.
Det gjeld ikkje minst den delen av rennet som gjekk med fellesstart og tidtaking. Vi har fått tilbakemeldingar om tilfelle av utagerande adferd i løypa av folk med nummer på brystet. Det er alt bestemt at neste år skal fellestarten vere så tidleg at den ikkje kjem i konflikt med dei store folkemengdene.
I år gjekk 32 løparar (av totalt 247) på tid. Eit tal arrangøren er godt nøgde med, etter som dette er eit renn der ”livet på matstasjonen er like viktig som fatra i løypa” eller ”rennet der lav fart er heilt OK”, er slagord vi brukar i marknadsføringa.
-Det er som ein dårleg Fjellsæterrunde, sa ein av funksjonærane ganske så treffande.
10 av dei 32 startande i fellesstarten bur i Sykkylven til dagleg. Resten kjem under kategorien ”hyttefolk og påskegjestar”. Og vi nemner at utflytte etterkomarar etter Ludvik Brunstad og Elling Hole mønstra like mange deltakarar åleine, som alle fastbuande sykkylvingar til saman!
Korleis reagerer den yngre generasjon i nærmiljøet når det lokale idrettslaget arrangerer nest største skimønstringa vi veit om på Sunnmøre i 2010…?
Ja, dette emnet hadde nesten vore verdt ein studie på høgare nivå enn idrettslaget si heimeside. Men faktum er at berre èin av gutane ved Velledalen skule (Oscar Bakken) er registrert som deltakarar under Det Store Folkerennet 2010. Fire jenter berga den totale æra delvis, men det finst berre eitt ord som er dekkande – PINLEG – og det er ikkje ungane sin feil!
Men heldigvis; vi har hyttefolk og påskegjestar, og Velledalen IL set stor, stor pris på å ha dei som deltakarar. Ei takknemleg gruppe som vi meir enn gjerne samarbeider med. Det Store Folkerennet har kome for å bli – det er sikkert. I 2011 er det rekordsein påske. Om rennet blir i påske er usikkert. Alle er hjarteleg velkomne som deltakarar anten det er fastbuande sykkylvingar, hyttefolk eller påskegjestar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024