Konradløpet 2010 – Startnummersponsoren klar
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mar 2010
Då er det berre èin månad igjen til Konradløpet. Startnummera er tinga, med Hole Maskiner AS som sponsor.
Det er ikkje fyrste gongen Hole Maskiner er startnummersponsor for Konradløpet. Faktisk er det nettopp dette firmaet som flest gonger har opna lommeboka for Konradløpet, eit løp
som i år vert arrangert for niande gong.
Hole Maskiner AS er største arbeidsplassen i Velledalen. I "gamle dagar" heitte verksemda O&P Hole, der O-en stod for Olav og P-en for Paul. Den eldre generasjonen veit at desse to karane var brør, dei yngre veit det neppe. Begge to var mellom dalens fremste idrettsmenn. Paul var VIL sin fyrste KM-vinnar nokonsinne, då han i 1949 vann KM over 1500 meter for junior. Knappe to år seinare, i 1951, vann broren Olav KM-senior i 30 kilometer langrenn. Året etter vann dei KM-tittel saman, då Velledalen IL vann 4x10 kilometer stafett i Hovdebygda. Seinare vart Olav krinsmeister i kombinert to gonger.
Det er kring 60 år sidan dei to Hole-karane var på topp sportsleg. Når dagens leiing i Hole Maskiner AS støttar Velledalen IL gjennom Konradløpet er dei med å viser at dei har historisk gangsyn. Det representerer i høgste grad eit verdival i ånda til firmaet sine grunnleggjarar. I dagens materialistiske verd er slike handlingar langt i frå sjølvsagt
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024