Velledalen IL på andreplass i Sunnmørsstafetten
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mar 2010
Sunnmørsstafetten vart arrangert i Volda i dag. Laget vårt kom på andreplass i seniorklassa, men vart beste sunnmørslag.
Det har vore litt vanskeleg å få sikker informasjon frå rennet, ettersom det ikkje har lukkast å finne resultata på ei einaste nettside i arrangørområdet.
Men etter dei opplysningane vi sit inne med, var det eit lag frå Sogn og Fjordane som vann seniorklassa. Stafetten var mest som ein sprintstafett å rekne, ettersom den gjekk over 3x3 kilometer
Vårt lag hadde med desse løparane:
etappe Kristian Moe – klassisk stil
etappe Kennth Fet – fristil
etappe Stian Mork – fristil
Så håper vi at flest mogleg av løparane våre stiller i fellesstarten rundt Nysætervatnet under Det Store Folkerennet
langfredag. Start der er klokka 1200
Alle som går utan tidtaking kan starte når dei vil i tidsrommet 1030-1230
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024