Sunnmørsstafetten laurdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mar 2010
Komande laurdag arrangerer Volda Turn- og IL den sokalla Sunnmørsstafetten i langrenn. VIL sitt lag er no klart.
Stafetten går over 3x5 kilometer med to etappar i fristil og èin i klassisk stil. Krsitian Moe går den klassiske etappen, medan Kenneth Fet og Stian Mork tek seg av fristiletappane. Eit sterkt lag som vil bite godt frå seg. Emblem IL er nok favoritt, men det er ingen sensasjon om laget vårt forsvarer 2.plassen frå fjorårets renn.
Resultat frå stafettent får du på nettsida i løpet av laurdagen. Elles går Holmøyskarrennet i palmehelga. Vi har i skrivande stund ikkje oversikt om nokon frå vårt lag vil delta der.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024