Sunnmørsstafetten laurdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mar 2010

Laurdag vert Sunnmørsstafetten i langrenn arrangert i Volda med Volda Turn og Idrettslag som arrangør.



Dette er ein årviss stafett der Velledalen IL tok ein fin andreplass i fjor. I år har VIL eit endå meir slagkraftig lag om alle dei beste vert med. Stafetten har tre etappar, to i klassisk, èin i fristil. Kenneth Fet er sjølvskreven på fristiletappen. Skal ein dømme etter prestasjonane tidlegare i år vil Kristian Moe og
   Svein Arne Nakken ta seg av dei to klassiske etappane. Men heller ikkje Stian Mork eller Ole Johnny Myrseth hadde skjemt seg ut om dei fekk sjansen.



Faktisk kan VIL kanskje stille to lag dette året. Tidlegare år har stafetten gått over 3x5 kilometer, så dette er nesten for sprint å rekne



Skisesongen er på det næraste over. Palmesundag går Holmøyskarrennet, og vi reknar med at mange lokale løparar stiller i Det Store Folkerennet langfredag. Her har alle som går på tid fellesstart klokka 1200 – då kårar vi kongen rundt Nysætervatnet med tiårs klasseinterval (under 20 år, 21-30, 31-40, 41-50 , 51-60, 61-70, 71-80,81-90 osv).