Birkebeinerrennet 2010 – Kristian raskast, Kenneth best plassert
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mar 2010
Kristian Moe under Fjellsæterrunden 2010
VIL sine sju løparar under årets Birkebeinerrenn gjorde ein framifrå innsats. Alle kom til mål i fin stil og kvartetten Kristian Moe, Kenneth Fet, Svein Arne Nakken og Ole Johnny Myrseth greidde alle merkekravet.
Kristian Moe i klasse 30-34 år var raskast av våre med sluttida 3.11.47 etter 54 kilometer frå Rena til Lillehammer. Men plasseringsmessig vart debutanten, Kenneth Fet i klasse 16-19 år best med 76.plass i klassa. Her er dei harde fakta for våre løparar:
Kenneth Fet nr. 76 i klasse 16-19 år med tida 3.14.24
Kristian Moe nr. 88 i klasse 30-34 år med tida 3.11.47
Ole Johnny Myrseth nr. 249 I klasse 30-34 år med tida 3.40.02
Svein Arne Nakken nr 296 i klasse 40-44 år med
tida 3.27.36
Andreas Tømmervik nr. 401 i klasse 25-29 år med tida 4.17.03
Rolf Haxthow nr 452 i klasse 55-59 år med tida 4.59.46
Bastian Skogvold nr. 581 i klasse 20-24 år med tida 6 15.59
Av andre heltar nemner vi:
Berth Wilhelmsen nr 21 i klasse 65-69 år med tida 3.31.54
Torstein Hole nr. 81 i klasse 50-54 år med tida 3.17.32
Jan Egil Årnes nr 55 i klasse 55-59 år med tida 3.25.26
Roger Hole nr 1454 i klasse 40-44 år med tida 5.21.37 (1952 delt. i denne klassa)
Knut Anders Hatlen nr 10 i klasse 30-34 år med tida 2.39.29
Elisabeth Hatlen nr 9 i klasse 25-29 år med tida 3.41.33
Njål Tyssing nr 250 i klasse 25-29 år med tida 3.50.16
Vi sender ein ekstra gratulasjon til Ole Johnny Myrseth som løyvde 22 sekund til merkekravet. Det smakar herleg etter tre timar og førti minutt med hardt arbeid. Elles seier rapportane frå rennet at Svein smurde om to gonger, at debutanten Kenneth hadde ei positiv oppleving i rennet, men gjekk siste mila med krampe i begge bein og at Kristian Moe var den av våre som heldt den jamnaste marsjfarta. Og det viktigaste; alle våre fullførte.
Og ikkje minst: vi gratulerer Berth Wilhelmsen med hans merke nummer 29 i Birkebeinerrenn nummer 30 – ein flott prestasjon
Kenneth Fet under Fjellsæterrunden 2010
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024