Ny sølvmedalje til hopp-Jan
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mar 2010
Jan Ringseth har gjort det igjen. Nyleg kom han heim frå Vikersund med sølv frå veteranhopparane sitt NM.
Dette var Jan sin sølvmedalje nummer to i 2010-sesongen. Som vi tidlegare har meldt greidde han same plassering i veteran-VM i klasse 65-69 år tidlegare i vinter.
Under NM-rennet var Jan i tet etter fyrste hoppet. Men det var nippert. Leiinga var på 0,1 poeng. Diverre vart andrehoppet meteren for kort.
-
Litt ergeleg å vere så nær, sa Jan då nettsida traff han etter ei prepareringsøkt i Fjellbakken på Stavsengfjellet nyleg.
Vi gratulerer Jan med ein framifrå sesong.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024