Team Fet i knallform
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mar 2010
Kven er team Fet..? Ja det er arvingar etter VIL sin æresmedlem Kaspar Fet, nærare bestemt Sondre Brunstad Fet og Kenneth Fet.
Sondre representerer SIL, Kenneth VIL. I helga deltok begge på dei to siste renn i krinscupen i langrenn. Laurdag i Stordal, sundag i Tomrefjord. Begge renna gjekk på nullføre med litt bingo med omsyn til kva som skulle under skia.
Laurdag valde Steinar smurning for Sondre, medan Kenneth gjekk på rubb. Snøbyga som skulle gi Kenneth perfekte ski kom ikkje. Dermed vart det bakglatt, men likevel fin tredjeplass til Kenneth. Sondre vann klassa si, og vann dermed krinscupen samanlagt i klasse G 13 år.
Det skal Sondre vere glad for, for i Tomrefjorden vart det smørjebom. Med klabb under skia måtte han ta til takke med nest siste plass i klassa.
Kenneth satsa på nytt på rubb og denne gongen klaffa det i rennet som hadde fellesstart og gjekk i klassisk stil. Han var med heilt til siste slutt, og var berre dryge ti sekund bak G 18-vinnar Olav Erling Aaland i mål. Hans beste renn for sesongen, i eit renn der han ordna ut med all skismurning sjølv. Med andre ord: Ei susande god held for aktive og støtteapparatet til Team Fet.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024