Svein Nakken med beste VIL-plassering i Vasaloppet – men ikkje bestetid.
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2010
Det du no skal få lese om er mest ikkje til å tru, med tanke på at vi snakkar om eit 90 kilometer langt skirenn og ei sluttid på over fem timar.
I fjor sette Stian Mork ny VIL-rekord i Vasaloppet med 5.08.42, ei tid som heldt til 657.plass.
Året etter, nærare bestemt i går, hadde Svein Arne Nakken gjort svenske av seg for ei helg. Klokka stoppa på 5.08.50 då han glei under målseglet i Mora – altså åtte sekund bak bestetida til Stian.
Litt ergeleg å vere så nær, tenkte sikkert Gyls-Svein. Men han fekk ein oppkvikkar då han såg resultatlista. Svein Arne Nakken var plassert på plass nummer 656, altså èin plass betre enn Stian Mork hadde året før.
Status er med andre ord slik:
Tidsmessig har Stian Mork VIL-rekorden med 5.08.42 mot 5.08.50 for Svein.
Plasseringsmessig har Svein rekorden med plassnummer 656 mot 657 for Stian.
Dette er vel i nærleiken av det ein kallar dødt løp…?
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024