Jon Runar nummer 11 i NM i Fjelltelemarkkøyring

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2010

I helga vart Sognefjordrennet avvikla i Leikanger i Sogn med innlagt NM i Fjelltelemarkkøyring.



Jon Runar Drotninghaug var ein av heller få sunnmøringar som deltok i rennet. Han starta i klasse Menn Junior, ei klasse med 20 påmelde. 17 av desse starta og nådde mål, tre møtte ikkje til start. Samanlikna med Alperittløypa på Stranda var denne løypa vesentleg kortare, med slutt-tider under to minutt. Utan at vi veit det sikkert, trur vi dette er beste NM-plassering nokon velledaling har hatt i denne greina (men kan hende vi tek feil).



NM Fjelltelemark, klasse Menn Junior:


1. Vidar Helde Kjølseth, Rival
   1.38


2. Ola Teigen, Bøverdalen
   1.42


3. Sondre Kristenstuen, Nordre Land-ski
   1.43


3. Hans M. Høviskeland, Hagahogget Låmlag
   1.43


11. Jon Runar Drotninghaug, Velledalen IL
   1.56