Svein går Vasaloppet
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mar 2010

Svein Arne Nakken gjer svenske av seg for ei helg. Sundag 7. mars stiller han til start i det 90 kilometer lange Vasaloppet.
Svein har gått rennet før så han veit kva han går til. Ikkje vert han åleine frå Sykkylven heller, i det jamngamle Fridtjof Fredriksen, SIL, skal kjempe mot Gyls-Svein. Frå Stranda stiller Knut Anders Hatlen. I Vasaloppet stiller samtlege herreløparar i same klasse. Vi ventar Svein inn mellom dei 1000 beste i eit renn som totalt plar samle kring 15 000 deltakarar.
Vi håper å kunne melde resultat frå Vasaloppet sundag kveld.
Meir lokalt vert turlangrennet ”Heiåna” arrangert i Engesetdalen denne helga. Kanskje stiller nokre av dei heimeverande VIL-løparane der ?
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024