”Halv velledaling” ny styreleiar i Ålesund-Sunnmøre turistforening
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2010
Øyvind Hunnes (39) som sit i idrettsskulestyret i VIL, har dermed teke på seg eit verv som er langt tøffare enn det han har i idrettsskulen.
Øyvind Hunnes som bur i Straumgjerde tok over leiarvervet etter Børre Torsvik som hadde takka nei til attval. Foreninga Hunnes no er leiar for har over 6000 medlemar og ikkje mindre enn 11 hytter i Tafjordfjella og Sunnmørsalpane. I tillegg marknadsfører dei to hytter som er eid av andre, og dei driftar Runde fyr som dei leiger av Kystverket.
Det vert meldt frå årsmøtet at Patchellhytta er neste utbyggjingsprosjekt, med sluttføring i løpet av 2011 som mål.
Øyvind Hunnes har vore aktiv i Barnas Turlag, der han har hatt tittelen turkoordinator.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024