623 sildekaker på vent
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2010
Kanskje kriblar det i ganen din… eller kanskje magen din mest vil vrengje seg når vi nemner Den Store Sildedagen. Uansett, 7.mars er dagen alle sildeelskarar bør finne vegen til Velledalen grendahus.
I år vert for fyrste gong Den Store Sildedagen arrangert på ein sundag.Korleis dette vil slå ut er vanskeleg å spå. Sist den vart arrangert, for to år sidan, var 281 personar innom. Dei aller fleste åt sild i ulike variantar.
Til årets arrangement vart det handla inn 60 kilo fersksild. Av dette er 40 kilo gått til sildekaker. Kanskje sit eimen i veggane i grendahuskjøkkenet enno etter at det i går vart produsert 623 sildekaker der.
Ellers står ei rad ulike sildevariantar på menyen. Vi nemner røykt sild, spekesild, kryddersild, snaddersild, gullsild, sølvsild og ulike andre ferdige silderettar. Silda er handla inn hos Gjendemsjø i Brattvåg og Njardar i Fosnavåg.
Sundag 7. mars klokka 13.00 opnar dørene. Utanom eit måltid av dei sjeldne kan vi love bordquiz med premiering og taffelmusikk til maten.
Tiltaket er eit samarbeid mellom barneorganisasjonen Juba, Sykkylven Bonde- og småbrukarlag og Velledalen IL
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024