Fjellsæterrunde nummer 32 sundag
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Feb 2010
Turlangrennet Fjellsæterrunden byrjar etter kvart å få ei lang historie. Rennet starta med eit prøverenn i 1978, arrangert av Sykkylven IL. Etter dette har rennet vore arrangert kvart år unnateke eitt.
Menyen dette året ser slik ut:
TRIMKLASSE: Lett fin løype på ei dryg mil rundt Nysætervatnet. Start når du vil i tidsrommet 1030-1230. Påmelding ved start. Premiering trekt på nummer.
Stratkontingent: kr 50,- pr.pers. Maks kr.120 pr.familie
BEDRIFTSKLASSER: Desse går èin runde rundt Nysætervatnet pluss ei startsløyfe om Fetstølen (drygt 15 km). Klassisk stil. Fellesstart med konkurranseklassene klokka 1300. Påmelding til Anita Mosby Nakken (70 25 37 57) seinast fredag. Premiering med gåvepremiar.
Startkontingent kr 100,- pluss eingongslisens for dei som ikkje alt har lisens.
KONKURRANSEKLASSER: Desse går to rundar rundt Nysætervatnet pluss ei startsløyfe om Fetstølen (kring 28 km). Klassisk stil. Start klokka 1300 (fellesstart). Påmelding til Anita Mosby Nakken (70 25 37 57) seinast fredag kveld. Premiering med gåvepremiar. Premie til beste tremannslag herrar og beste kvinnetrio.
Startkontingent kr. 170.
Påmelding kan ein også gjere Her
BARNAS FJELLSÆTERRUNDE: Desse går èin runde rundt Sætrevatnet (3 km). Fristil. Start klokka 1305 (fellesstart). Påmelding før 1230 renndagen. Premiering ved målgang – alle vert premiert. Startkontingent kr 50,-
Garderobe og premieutdeling på Tandstad skule etter rennet
Arrangørar i 2010 er SIL, IIL og VIL
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024