Skimaratonjubileum for Svein Arne Nakken
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Feb 2010
arkivfoto
I helga stiller Svein Arne Nakken (44) til start i Holmenkollen Skimaraton – tidlegare Holmenkollmarsjen - for 15.gong.
Han har med seg dei to SIL-løparane Beth Wilhelmsen (5.gong) og Fridtjof Fredriksen (7.gong) i det 42 kilometer lange rennet, som har start i Hakadal. Vidare går rennet gjennom Nordmarka med målgang på Frognersætra. Vanlegvis er Holmenkollen rennet sitt endepunkt, men der er for tida anleggsutbygging.
Rennet er i år ”full-booka”, som vil seie 4500 deltakarar. Det er vanlege turrennklasser (som betyr at Svein startar i klasse 40-44 år), og rennet er seedingsrenn for seinare kraftprøver som Vasaloppet og Birebeinerrennet.
Vi ynskjer dei tre sykkylvingane lukke til, og særleg at vår mann, Svein; skal få eit minnerikt jubileumsrenn. Vi kjem tilbake med resultata.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024