Stabil tipping

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Feb 2010

Grasrotpengane sig inn til laga. VRF sine støttespelarar tippar mest pr. hovud, men VIL får mest pengar i kassa fordi dei har flest sympatisørar.


I perioden frå 1.januar til 10. februar hadde dei lokale laga fått tilsaman 2741 kroner i grasrotmidlar. Fordelt på laga var tala slik:


Velledalen IL 1461 kroner – 60 spelarar


VRF 753 kroner – 28 spelarar


Velledalen Skulekorps
   325 kroner – 18 spelarar


Velledalskoret 202 kroner – 8 spelarar



Ettersom grasrotandelen er fem prosent av tippeinnsatsen, betyr det at VIL sine 60 tipparar samla har tippa for knappe 30 000 kroner så langt dette året. Vi takkar for støtta, og vi har fleire t-skjorter til dei som har spelakorta sine registrerte på VIL. Har du ikkje fått, så meld frå til leiaren.