Rette svar helgakonkurransen veke 5.

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2010

Ingen lett konkurranse, men spørsmålsstillinga var heller ikkje heilt godt på siste spørsmålet.



Denne Helgakonkurransen var ei gåve frå Hjorthol. I spørsmål èin var lista opp fire fjellfolk, og spørsmålet var kven som har vore høgast over havet på eigne bein av Øyvind Fet, Arild Lade, Nils Terje Skylstad og Geir Helge Grebstad.

  I fasiten vår står det at rett svar er Geir Helge Grebstad. Han snudde visst nok 1350 meter frå toppen av Muztagh Ata, som betyr at han var oppe på 6200 meter over havet.



Men vi skulle kanskje hatt med Anne Guri Weiberg-Aurdal. Rett nok er ho utvandra velledaling, men sidan det stod ”velledalsrekorden” i spørsmålsstillinga var det synd vi ikkje var klar over henne. Opplysningar vi har fått seier at Anne Guri i 1992 var på Aconcagua i Sør-Amerika, 6962 meter over havet.



No spør vi: Nokon betre og kven blir fyrste "velledaling" over 7000 meter?




Veke fem gav poeng til desse personane:


Ådne Alf Brunstad, Håkon Brunstad, Anita Kjersheim, Per Gunnar Holmberg, Kristin Grebstad, Steinar Grebstad, Per Magne Drotninghaug, Kari Pauline Hjorthol og Svein Helge Hjorthol