Ny hopptriumf for Jan Ringseth
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Feb 2010
Veterantreff. f.v Kåre Holmen (70-74år), Sigmund Stenberg(60-64 år), Jan Ringseth(65-69 år) og Tor Arild Malin(50-54 år)
Velledalen IL sin einaste aktive hoppar, Jan Ringseth, leverte varene og vann klasse 65-69 år i Fjellbakken på Stavsengfjellet i dag.
VIL-nettsida var på plass for å fylgje vår ferske sølvmedaljevinnar frå veteran-VM i Stordalsrennet. Og Jan skuffa ikkje, i ein godt preparert bakke med K-punkt 50 og meterverdi på 2,8.
I prøveomgangen fekk ikkje Jan fullklaff. Han vart skeiv, drog mot venstre og landa kontrollert på 36 meter.
-
Dette var dårlege greier, det skal bli betre i rennet, sa Jan då han passerte oss på veg opp mot ovarennet og fyrste ordinære omgang. Og Jan heldt ord, med eit stilmessig godt svev på fine 40,5 meter. Velledalingane som fylgde hopparen sin med argusauge
var vel tilfredse.
I andre omgang leverte han eit nytt godt hopp, og dokumenterte at forma etter Slovenia-turen er upåklageleg. Også i denne omgangen gjekk han ned på 40,5 meter. Om ikkje nedslaget kan kallast fjørlett, var det likevel imponerande stødig av ein mann i siste halvdel av 60-åra.
Før rennet spurde vi Jan kor langt han venteleg ville hoppe i rennet.
-
Å, eg landar vel på 30-talet ein stad var svaret. Når det vart 2x40,5 meter er det berre å bøye seg i ærbødig respekt.. Dette var solid!
Hoppsporten i Sykkylven er diverre lite å skryte av for tida. I Stordalsrennet var Jan Ringseth einaste representant frå Sykkylven kommune – ein svært god representant. I Velledalen IL er
alle stolte over å ha ein så flott veteranhoppar som Jan i rekkjene våre.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024