Hoppsølv til Jan

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Feb 2010

Jan Ringseth kom heim med sølvmedalje og sjetteplass i World Winter Masters Games, som er veteranane sitt VM



Jan deltok i dei to minste bakkane i Slovenia. Det var i 30 meters bakken han sikra sølvmedalje i klasse 65-69 år. Vinnar her vart ein svenske, ein kar som var olympia-deltakar for Sverige i kombinert på 1960-talet.



I 45 meters bakken hadde vår mann sølvet inne etter fyrste omgang, men måtte diverre overende i den andre. Dermed måtte han nøye seg med sjetteplass.



Jan Ringseth fortel til nettsida at Slovenia er ein nasjon i rask utvikling.


-
  
 Sjølv om det berre er fire-fem år sidan sist eg var der, er endringane store. Bilparken er fornya, folk går i meir fargerike klede og husbygginga har skote fart.



Og hoppanlegget var av prima kvalitet?


-
  
 Ja, ikkje berre der vi var, men over alt i land som Austerrike, Sveits og Slovenia finst eit utal anlegg. Med det beste prepareringsutstyret ein kan tenkje seg. Trist, men vi ligg langt etter på anleggsfronten her til lands. Det er ikkje å undrast over at norsk hoppsport slit med å henge med.



Vi nemner at
   Arnt Cato Eidem fekk plasseringane fire og seks. Han imponerte i 45-meters bakken der han berre var fem fattige poeng unna gullmedaljen.