Rikhaldig aktivitetsplan
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Feb 2010
På styremøte i VIL denne veka vart ny aktivitetsplan for året 2010 sett opp. Nokre arrangement som "Tour de Sykkylven" og Konrad Extrem vart ikkje tidfesta.
Det har sine naturlege årsaker. Konrad Extrem er usikkert om vert arrangert, men det vart sett ned ei nemnd som skal greie ut ulike løypealternativ. Med i denne gruppa er Geir Helge Grebstad, Nils Terje Skylstad og Håkon Fedt.
Når det gjeld "Tour de Sykkylven", så var prøvearrangementet i 2009 i fellesskap med Sykkylven sykkelklubb. Om det blir stafett dette året blir ei sak mellom dei to arrangørlaga frå sist. Like eins tidspunktet for arrangementet. Terje Aurdal og Svein Nakken er VIL sine medlemar som skal møte
sykkelklubben sine representantar til drøftingar i nær framtid
Tidfesta arrangement før fellesferien 2010:
28. februar: Fjellsæterrunden
7.mars: Den Store Sildedagen
2. april: Det Store Folkerennet
30. april: Minikonrad
1.mai: Konradløpet
26.mai: Koldabakken Grand Prix
10.juli: Grillkveld på Brunstadsætra
Og berre for å ha nemnt det; Fetvatnet Rundt vert i år 15. august.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024