Fitjasuksess i Hyttehola

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jan 2010

Sunnylven IL arrangerte i dag KM i klassisk sprint i Hyttehola. Rennet talde òg med som det fjerde i Sparebanken Møre Cup. Kaspar Fet deltok ikkje denne gongen, men han hadde to barnebarn på startstreken.



Det var Sondre Brunstad Fet i klasse G 13 år og Kenneth Fet i klasse G 18 år. Begge gjorde ein framifrå innsats i rennet som vart avvikla i minus 15 grader og i krevjande løype med stødige spor.

  Sondre vann prologen i G 13 med sju sekund og han hadde heller ingen problem i finalen. Klar siger til guten som har begge foreldra frå Velledalen men som representerer Sykkylven IL.



Kenneth gjorde òg ein god prolog utan å ta ut alt. Ettersom det var fem løparar i klassa var det klart at alle ville gå til finalen uansett innsats i prologen. I finalen viste heimehåpet Olav Erling Aaland seg som den sterkaste, men Kenneth kryssa mållina på ein brillefin andreplass. Hans beste KM-plassering sidan 2007, då han òg hadde andreplass. Året før vart han KM-vinnar, som den siste frå VIL i langrenn.



Støtteapparatet var godt nøgde med innsatsen. Etter resultata å dømme traff Kaparsønene med det meste denne fine vinterdagen. Vi gratulerer heile teamet med framifrå innsats. Om dei to gutane nytte bestefaren sitt livslange motto er derimot meir usikkert. Kaspar brukte alltid seie:


- her er det berre å opne for fullt og auke på etter kvart.




Sondre





Kenneth