Går det mot avvikling….?
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jan 2010
FK Sykkylven har ikkje meldt på andrelaget sitt (FK Sykkylven 2) i seriesystemet i 11-ar fotball for sesongen 2010. Dermed har bygda vår berre eitt seniorlag for herrar i seriesystemet i 11-ar fotball. Skremande !
I dag har Sunnmørsposten ei oversikt over lag i 5. divisjon i Sunnmøre Fotballkrets sesongen 2010. FK Sykkylven 2 manglar. Sju år etter samanslåinga ligg det ei klam hand over herrefotballen i Sykkylven. Eitt seniorlag i 4.divisjon i ei bygd med kring 7500 innbyggjarar er ei skam.
Vi hugsar alle at det starta bra og med stor optimisme med tre seniorlag i 2003. Rett nok var det fire før samanslåinga, men litt "daukjøt" måtte nyeklubben få lov å skrape bort. Med Frank Suorza som trenar for bestelaget tok klubben ein flott andreplass i 3. divisjon i debutsesongen. Dette var lovande og betre skulle det bli, trudde vi.
Men ein kvitta seg med Suorza og FKS 3 fekk ei kort levetid. Frå sesong nummer to har den sportslege kurva på seniorfotballen sakte men sikkert peika i feil retning. Ei retning ein aldri har fått endra. Hausten 2008 forlet FKS tredjedivisjon, slik at bygda i 2009 for fyrste gong etter 1950 ikkje var representert i øvste kretsserien i fotballkrinsen. Og no, i 2010, kjem altså endå eit tilbakeslag - laget melder ikkje på seniorlag i lavaste kretsserie – FKS 2 er ( i alle fall førebels) historie som 11-ar lag.
Ein kan ikkje skulde på ytre faktorar. Klubben rår over fleire gode baneanlegg med naturgras, flott kunstgrasbane med undervarme (noko dei færraste av konkurrentane har), bra tilgang på talent og dei er sjølve ansvarlege for rekruttering av nye leiarar. Når klubben no går inn i sin åttande sesong, kan dei ikkje skulde på nokon andre enn seg sjølve når dei er milevis unna å nå dei måla og forventningane den jamne sykkylving hadde til det nye laget.
Fleire ting er underleg. Kvifor tek ingen sjølvkritikk…? Vi har enno til gode å høyre nokon i FKS-miljøet seie at klubben har feila. At dei har undervurdert klubbkjensle, namneval,
entusiasme og logistikk. Tenk på Sykkkylvsbladet den tida Sykkylven IL var beste laget i bygda med VRF og Hundeidvik som pusta dei i nakken. Kvar fredag før kamp skreiv Frank Kjøde:
"Vi trur SIL stiller med dette mannskapet i kveldens kamp: Kjell Dimmen, Henning Haugen Steinar Bakke……." Då var det litt "swung" over sykkylvsfotballen. Eller når VRF og Sykkylven IL braka saman til lokaloppgjer i 3. divisjon i siste halvdel av 90-åra. Mellom 600-800 på kvar av desse kampane – meir enn på ein heil sesong i dag. Vi har stor forståing for at Frank Kjøde har gitt opp. Det er nemleg lov å gi seg – for alle.
Det som er den største gåta er at at "moderklubbane" let dette halde fram. "Nedbygginga", både i topp og breidde, har vore formidabel dei åra FKS har regjert sykkylvsfotballen. Faktisk hadde det vore betre for sykkylvsfotballen om IIL, HIL, SIL og VRF hadde hatt kvar sitt lag i 5 divisjon enn slik vi har det i dag. Då hadde vi i alle fall hatt breidda. No har vi ingenting!.
PS. Eg berre nemner det; Stranda kommune har tre 11-ar lag i klassa for herrar senior med fleire tusen innbyggjarar mindre enn Sykkylven.
Atle Hole,
trist mann på herrefotballen i Sykkylven sine vegne.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024